Hummingbird Bakery Frosted Brownie
Eg har, som mange andre, lete meg begeistre av boka «The Hummingbird Bakery». Oppskriftene er enkle, varierte og litt annleis enn dei trauste kakene som kanskje er mest vanleg å bake. Eg har for uvane å sjeldan lage same kake fleire gongar. Der er ein favoritt som går att, men elles så likar eg å lage nye ting.
I dag er vi i barnedåp og eg har sjølvsagt baka kake. Mange kaker… Frykta for at det ikkje skulle verte vellukka gjorde at eg sikra meg og baka fire ulike kaker. Tre av dei er frå Hummingbird-boka og den fjerde er ei oppskrift eg har fått med ein god kollega.
No vil eg dele oppskrifta på «The Hummingbird Bakery Frosted Brownie»!
For å lage denne kaka treng du to enkle ting: browniebotn og sjokoladekrem. Dersom du vel den enkle utvegen kjøper du kanskje ferdig brownieblanding i butikken, har du fem minutt ekstra lagar du den sjølv. Dersom du vel det siste brukar du denne oppskrifta:
- 5 egg
- 500 g sukker
- 120 g kveitemjøl
- 100 g bakekakao
- 250 g usalta smør, smelta
- 30 g valnøtter, grovt hakka (utelat dette om nokon har nøtteallergi)
- 30 g mørk sjokolade, grovt hakka
Ha egg og sukker i ein bolle og pisk til eggedosis med ein handmiksar. Ha i mjøl og kakao og pisk til alt er godt blanda. Slå inn det smelta smøret og pisk til alle ingrediensane er godt blanda. Rør inn valnøtter og sjokolade for hand til dei har vorte jamt fordelt i røra. Ha røra i ei bakepapirkledd langpann, lita. Eg har ein eigen vri heilt til slutt: Hakk to store Daim-sjokoladar og strø over kaka før du set den i omnen! Nam… Steik kaka i 30-35 minutt. La den stå på benken for å avkjøle.
For å lage fyllet treng du dette:
- 200 g melis, sikta
- 75 g usalta smør, romtemperert
- 30 g kakaopulver (bakekakao), sikta
- 150 g kremost, kald



En ting som har skjedd etter at jeg opprettet bloggen, er at lista over kokebøker jeg ønsker meg har vokst enormt! Enda en å føye på her, siden jeg har en nyfunnet interesse for baking. Dette så lekkertsmekkert ut, og regner med den slo godt an
Pingback: Bursdagskalas! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål