Bringebærdraum

Det har vore så billege bær i butikken i det siste. Dei er verken kortreiste eller norske, men faktisk ikkje så verst på smak. Ta deg ein tur på butikken og kjøp litt bringebær (og gjerne bjørnebær, om dei har), då har du det du treng for å lage denne deilige paien!

Oppskrifta eg har brukt er ein miks av tre ulike oppskrifter. Dette treng du:

Deig:

100 g smelta smør

1 1/2 dl sukker

1 egg,

3 dl kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

Bland alt og miks godt. Bruk gjerne kjøkkenmaskin. Trykk den utover i ei paiform og steik på 200 grader i 10 minutt. Ta paien ut av omnen og la den kvile medan du lagar fyllet.

Fyll:

1 beger creme fraiche eller rømme (ikkje lettrømme)

2 ts vaniljesukker

1 egg

1 dl sukker

Bland alt og miks med stavmiksar. Fordel bringebær (og evt bjørnebær) over kaka. Slå fyllet over. Steik vidare i 30-40 minutt på 175 grader.

Av ein eller annan grunn er det ekstra godt med mat som smakar sommar når regnbygene piskar mot ruta!

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker | 1 Kommentarer

Ett svar til Bringebærdraum

  1. Adrienne says:

    Nam!! Såg kjempe godt ut :-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>