Potetsuppe
Det har vore reine supperådet her i huset i det siste. Vi har prøvt oss på ulike variantar av suppe, stort sett med smakfullt resultat. Gårsdagens potetsuppe vart kanskje ein favoritt, både blant store og små. Tenk at noko så enkelt kan smake så godt! Det fine med suppe er at ein stort sett kan lage suppe med få og enkle ingrediensar. Potetsuppa laga eg etter tips frå syster mi, som hadde fått det servert på klubb med gode venninner. Eg går ofte i gang med å google oppskrifter når eg skal lage noko eg ikkje har prøvd før, men i går laga eg det slik eg tenkte var lurt.
Dette treng du:
5-6 poteter, skrell og skjær i små bitar
1/2-1 løk, skrell og skjær i bitar
1-2 kvitløksfedd, ta av skalet
1 pakke fløte
75 g smør (helst meierismør)
salt
pepar
krafta som potetene/løken er kokt i
sprøsteikt bacon i terningar
Slik gjer du det:
Skrell potetene og løken. Skjær alt i bitar og putt i ei gryte med kokande vatn (om lag ein liter). La det koke til du kjenner at potetene er møre. Medan potetene kokar steikjer du baconet som du skal ha på toppen av suppa. Sil av kokevatnet, men ta vare på krafta. Slå dei kokte potetene og løken/kvitløken i ein blender. Slå i fløten, ha i smøret (det skal ikkje vere smelta) og litt av kokekrafta. Start blenderen og la den gå litt. Spe med kraft undervegs til du får den konsistensen du ynskjer. Ei slik suppe må ikkje vere for tynn!!! Smak til med salt og pepar. Dersom du har god buljong eller kraft (gjerne frå kylling/kalv), kan du gjerne tilsette litt for smaken si skuld. Det erviktig at du smakar på suppa og kjenner om den er nok salt. Juster med krydder til ho får den smaken du vil ha.
Server suppa med ein gong. Strø over baconterningar og pynt med litt grønt. Medan du nyt smaken av den gode suppa kan du reflektere over kor utruleg enkelt det er å lage suppe sjølv. Neste suppe ut er jordskokksuppe. Må berre finne fine jordskokkar i butikken fyrst….



Hei, dette så godt ut. Hvor mange porsjoner er dette beregnet for?
Hei Guri!
Om du brukar om lag 1 liter kraft, i tillegg til fløte, så skal det halde til 5 porsjonar!
Potetsuppe er mye bedre enn det høres ut
Vi hadde potet- og purresuppe denne uka, etter oppskrift fra den rødrutete kokeboka. Så enkelt, og så godt. Suppe kan man jo ifølge eventyret koke på en spiker – og det er jo nesten sant:)Suppe må vel også få sin revolusjon, sammen med spennende kuvertbrød
God helg!
Potetsuppe er kjempegodt! Det er mange muligheter med supper, da
Lagde jordskokksuppe forleden dag. Det ble veldig godt, og kan anbefales. Kjøpte forresten et hefte med supper på Books for cooks i London, forrige helg. Mye fin inspirasjon, men kjenner at jeg kanskje er litt skeptisk til turnipssuppe…
mmm. så helt utrolig godt ut!! du vant meg i hvert fall over her: «sprøsteikt bacon i terningar»