Karbonadedeig og pasta i form
Med travle dagar må middagslaginga ofte gå kjapt. Denne oppskrifta er enkel og går kjapt, og best av alt: den kan tilberedast dagen i førevegen. Då er det berre å ta den eldfast forma ut av kjøleskapet og putte den i omnen. Eg fekk oppskrifta med ein god kollega, som fekk den med frisøren sin, som fekk den med…… – ja, du skjønar!
Til seks personar treng du:
2 pakkar kjøtdeig el karbonadedeig
Bandspaghetti (så mykje som du trur du treng)
1-2 beger krydderost
Krydder etter eige ynskje (det kan godt vere tacokrydder)
Raspa kvitost
Ingrediensar til ein raus og god salat
Slik gjer du det:
Kok spaghettien, sil av vatnet, ha spaghettien tilbake i panna og legg over kremosten. La den ligge der og smelte.
Så steikjer du kjøtdeigen og smakar til med krydder etter eige ynskje.
Legg spaghettien i botnen på ei eldfast form, slå kjøtdeigblandinga over og strø ost på toppen. Kvern over litt pepar.
PS! Dersom du skal servere dette neste dag, set du det i kjøleskapet og sparer steikinga til då.
Steik i ovnene på 200 grader i omlag 20 minutt. Sjekk med jamne mellomrom. Osten skal smelte, men ikkje vere for brun.
Lag ein god salat medan retten står i omnen. I dag brukte eg paprika, agurk, tomat, minihjertekål, ruccola, raud løk, fetaost og marinerte kvitløksbåtar.
Ruccola gir ein herleg, krydra smak til salaten!
Eit lite tips: legg opp salaten på eit stort fat, i ei paiform eller liknande. Av ein eller annan grunn ser salat meir delikat ut når det blir servert “flatt” i staden for i ein bolle!
Alle salatar her i huset inneheld oliven. Ikkje kva som helst slags oliven, men oliven med stein som ligg i olje. Det er fireåringen som bestemmer dette! Ho elskar nemleg oliven! Før eg rekk å lage ferdig salaten klarer ho å ete mange oliven.
GOD MIDDAG!





Herlige bilder