Det er aldri feil med fisk!
Eg har heldigvis ungar som er glade i fisk. Fisk er noko eg alltid må ha i frysaren, og såleis har eg alltid noko å lage til middag. Vi kjøper desse platene med fisk (5 kg-kasser), der filètane er fryst ned direkte ombord i fiskebåten. I går tok eg opp dei siste filètane i kassa og laga god fiskemiddag til familien!
I denne retten har eg brukt torsk. Torsk er vanlegvis ein fisk mange kokar når dei skal ha den til middagsmat. Her i huset er vi like glade i steikt torsk.
For å lage denne retten treng du:
- nok fisk til så mange som du skal lage til (vi reknar ein halv filèt per person), helst torsk
- poteter
- løk
- kvit saus
- bacon
- grønsaker til grønsakspurè (gulrot, blomkål, brokkoli, erter, etc), i nøden kan det gå med gr.saksblanding
Slik gjer du det:
- Start med å skrelle potetene og gjer dei klar til koking. Vask og skrell grønsakene til grønsakspurèen, set dei til koking. Ta det du måtte ha av grønsaker og tenk at det skal verte nok til så mange som skal ete. Grønsakene skal vere berre akkurat møre – pass godt på. Slå av kokekrafta (ta evt vare på den til grønsakssuppe ein annan gong, då kan du godt koke den inn litt slik at smaken blir meir kraftig). La grønsakene stå og vente.
- Medan grønsakene kokar steiker du bacon i terningar eller strimlar. Ha i ein liten klatt ekstra smør når baconet er nesten ferdigsteikt.
- Lag kvitesausen. Her har eg diverre ikkje eksakte mål å gi dykk, for dette lagar eg på ein slump. Som utgangspunkt kan kanskje dette passe: ta to ss smør i ei kasserolle og smelt forsiktig, ha i mjøl til passe tjukk jamning. Spe med mjølk. Kok opp og rør heile tida. Sausen skal ikkje vere for tynn. Skjær løken i rause båtar og la den koke med sausen. La den koke ei stund slik at du blir kvitt den rå mjølsmaken. Smak til med salt, pepar, riven muskatnøtt og 1/2 ts sukker.
- No kan du lage grønsakspurèen. Slå over noko av kvitesausen, start med nokre skeier og spe evt etterkvart. Bruk stavmiksar for å gjere det om til purè. Smak til purèen, men hugs at det allereie er smak i sausen, så ver forsiktig.
- Det siste du gjer er å steikje fisken. Legg dei tørre fiskestykka på steikepanna. Bruk noko av feittet frå baconet til å steikje med. Pass på så du ikkje øydelegger den, torsk må steikast forsiktig og ikkje for mykje.




Ser kjempegodt ut !
Bra blogg, Tove !
Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett! Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg
Så kjekt, Magne!!! Tusen takk – dette sette eg stor pris på!
Ser nydelig ut! Og du har rett, det er aldri feil med fisk!
Hei. Dette ser jo fantastisk godt ut. Har du flere oppskrifter på god fisk? Jeg har en samboer som ikke liker fisk og tenkte å introdusere fisk på en «kamuflert» måte. Helst hvit fisk.
Der er fleire gode fiskeoppskrifter på matbloggen min! Du lyt scrolle deg nedover og lese! Elles så kjem det garantert meir fisk på bloggen!
Hei!
Hvor får du kjøpt disse 5kg-kassene med torskefileer som er fryst ned på båten??
Her på Sunnmøre får ein kjøpt dei på ymse matbutikkar som har avtaler med fiskebåtane! Du får kjøpt stort sett det meste av matfisk!
Hei Tove
Denne middagen ble en hit hos oss som ikke er så fiskeglad at det gjør noe. Tusen takk for nydelig oppskrift. Den kommer til å havne på bordet igjen!